Mange barn koser seg med
rim, regler og song.
Med ein songstemme som
egner seg best til å skremme katter vekk, er det ikkje så ofte eg deler av min
stemmeprakt. Då liker eg betre å lese. Vi les kvar kveld på senga.
Disneybøker, Ronja Røverdatter, Karius og Baktus, Kardemommeby, rim og regler,
eventyr og eg vet ikkje kva. Av og til er ønsket fleire korte rim og regler,
andre dagar noen kapitla frå en lengre bok. Likevel hender det at vi tar oss ein
barnesong når vi er aleine heime til stor glede for minstegullet på snart 4.
Her er "lille kattepus" ein av favorittane.
I den forbinding
kommer det en liten søt video frå Youtube som eg fant i Genos adventskalender.
Linken er direkte til Youtube. Det er ikkje songen "lille kattepus", men videoen
er søt.
Nå blei ikkje dette ein sammenhengene tekst, men meir et tankesprang.
Katter stjeler melk
fredag 7. desember 2012
Lese høgt
Det å bli lest for som barn, var noko av det eg sette mest pris på. Då eg sjølv ble forelder ville eg vidareføre dette til mine barn, som så mange andre foreldre. Dei koselige, skumle, triste og morosame bøkene der vi etterpå kan snakke om kva som skjedde i historiene.
I photostory, bildefortellinga, som vi laget i forbinding med faget tok eg for meg ein av mine og unganes favoritt bok, Folk og røvarar i Kardemommeby. Dette er ei fantastisk bok som er fin for både vaksne og barn. Karakterane er utprega og forskjellige. Likevel er dei lett å like, ja sjølv den strenge Tante Sofie som alle er litt redde for, viser seg å være snill og omtenksam likevel. Til og med de i byrjinga skitne, litt skumle og uærlige røvarane er snille på botn. Det viser seg at de hadde hatt et vanlege liv med jobb, men livet hadde endra retning for dei og dei hadde blitt nøydd til å røve mat på natta for å overleve. Etter ei stund stoppa dei å ta vare på seg sjølv og ble skitne og uflidde. Ettervart blir de lei av rot og skitt og finner ein løysning på dette. Løysningen er enkel, dei må røve Tante Sofie og la henne rydde og lage mat til dem. Det viser seg at Sofie ikkje er så lettskremt, ja sjølv løva må finne seg i å bli kommandert rundt av henne. Røvarane må sjølv rydde og vaske, ja dei må til sin forskrekking vaske seg sjølv også. Litt etter litt viser det seg til deira store undring at dei liker å ha det ryddig rundt seg og være reine og pene, som det så fint står i boken.
I kvart kapittel er det tema som kan brukas til å ta opp ting som er vanskeleg, som kan gi barn en betre forståing av egne eller andres problema.
søndag 14. oktober 2012
Berre vent litt til...
Mange er medlem og brukar
av fleire sosiale media. Brukar mobiltelefon, nettbrett og PC til å lese nyheiter,
vere "sosial" og kommunisere med venner, nær og fjern familie, ja til
og med fremmede. Ved å ha slik lett tilgang på verden overalt, i stua, på
bussen, i senga (?) eller kor det måtte vere, setter vi nået til side og lar
hungeren etter siste nytt komme i første rekke. I iveren etter å vise våre
"venner" på Facebook kor glade vi er i våre barn; "mamma elskar
deg vesle gullet over alt i heeeeile verden!! <3 Gratulerer med 1-årsdagen
din!! ", glømmer vi å vise "veslegullet på 1 år", at vi er der
nå og at gullet er viktig og elska. Viktigere enn kvarmansen og nyheiter...
Dette er eit bilde som noen har lagt ut på Facebook, (eller "fjasboka") men det hadde ingen eier. Går ut frå at dette er frå en aller annen meir eller mindre kjent teikneserie. Ganske fint bilde på korleis vi sminkar oss og familie, og lar nået skli vekk frå oss.
Fædrelandsvennen har en artikkel som går på kvardagaugeblikkeine som går oss hus forbi, mens vi ivrig tar til oss uviktig informasjon eller gir andre det... Ein liten tankevekker i likskap med bildet ovanfor.
Dette er eit bilde som noen har lagt ut på Facebook, (eller "fjasboka") men det hadde ingen eier. Går ut frå at dette er frå en aller annen meir eller mindre kjent teikneserie. Ganske fint bilde på korleis vi sminkar oss og familie, og lar nået skli vekk frå oss.
Fædrelandsvennen har en artikkel som går på kvardagaugeblikkeine som går oss hus forbi, mens vi ivrig tar til oss uviktig informasjon eller gir andre det... Ein liten tankevekker i likskap med bildet ovanfor.
tirsdag 2. oktober 2012
I desse jakttider
Elgjakta starta
for en uke sidan. Som snart den einast i familien som ikkje jakter og kjenner
ur-instinkt river i kroppen når bladande begynner å bli gule, gleder eg meg til
hele styret er over. Ja, greitt nok at det frisk luft, trim, sosialt,
adrenalinrush, matauke og bestandregulerande, men eg har ingen problem med å få
dekket alle disse behova gjennom andre aktivitetar. Ok, kanskje ikkje
bestandregulering da…. Men så har eg ikkje denne ville glansen i auga som ikkje
slukne av anna enn å ha dratt byttet inn i hus, eller jakt på hjernen. Er
rimelig sikker på et hjernen ville sett slik ut på røntgen til fleire i familien
i disse dagane.
Slik har utsikten vært frå kjøkkenvindauget mitt, så eigentlig ser eg jo behovet for bestandregulering. Likevel kan det jo bli litt for mye glans i øyene til tider.
Det fullt mulig å få naturen inn i kjøkkenvindauget utan at det skal være nødvendig å pakke den i fryseren. Denne litle nysgjerrig krabaten er en ivrig frukostgjest som eg setter langt meir pris på, og som får gå i fred for "triggerhappy venner/familie".
Abonner på:
Innlegg (Atom)