fredag 7. desember 2012
Lese høgt
Det å bli lest for som barn, var noko av det eg sette mest pris på. Då eg sjølv ble forelder ville eg vidareføre dette til mine barn, som så mange andre foreldre. Dei koselige, skumle, triste og morosame bøkene der vi etterpå kan snakke om kva som skjedde i historiene.
I photostory, bildefortellinga, som vi laget i forbinding med faget tok eg for meg ein av mine og unganes favoritt bok, Folk og røvarar i Kardemommeby. Dette er ei fantastisk bok som er fin for både vaksne og barn. Karakterane er utprega og forskjellige. Likevel er dei lett å like, ja sjølv den strenge Tante Sofie som alle er litt redde for, viser seg å være snill og omtenksam likevel. Til og med de i byrjinga skitne, litt skumle og uærlige røvarane er snille på botn. Det viser seg at de hadde hatt et vanlege liv med jobb, men livet hadde endra retning for dei og dei hadde blitt nøydd til å røve mat på natta for å overleve. Etter ei stund stoppa dei å ta vare på seg sjølv og ble skitne og uflidde. Ettervart blir de lei av rot og skitt og finner ein løysning på dette. Løysningen er enkel, dei må røve Tante Sofie og la henne rydde og lage mat til dem. Det viser seg at Sofie ikkje er så lettskremt, ja sjølv løva må finne seg i å bli kommandert rundt av henne. Røvarane må sjølv rydde og vaske, ja dei må til sin forskrekking vaske seg sjølv også. Litt etter litt viser det seg til deira store undring at dei liker å ha det ryddig rundt seg og være reine og pene, som det så fint står i boken.
I kvart kapittel er det tema som kan brukas til å ta opp ting som er vanskeleg, som kan gi barn en betre forståing av egne eller andres problema.
Etiketter:
Bøker
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar