Lena blogger Norsk
mandag 29. april 2013
Leseglede på buss...
Av og til må ein reise, og då er jo bussen eit alternativ. Når reisa blir lang, og tida går sakte er det mange som leser ei bok eller to på turen.
Viss det då i tillegg har vært ventetid mellom tur/retur og i tillegg boksal på bokhandelen, som medførte 5-6 nye bøker til forskjellig bruk, og det kriblar litt i lattermusklane...... Kva gjer vi da?
Veit kva eg gjorde. Eg sat der på bakarste rad med poden og leste høgt frå Jon Demon og gapskrattet. Han på sin side let som om han ikkje kjente meg, noko dei aller fleste sikkert trudde på... (ettersom vi kom på bussen samtidig og eg betalte billett for begge... og dei aller fleste passasjerane kom på før oss da vi reiste tur, og var dei same som tok retur samen med oss....) Av og til tok latteren overhand og poden måtte berre le samen med meg. (Det gjorde de to mennene som sat framføre oss også, sjølv om eg ikkje er sikker på om det var meg eller boka de lo av...)
Bak i boka er det en del borteforklaringar av ord. Mellom anna: "Demonstrere: Vise alle kva man meiner. Også dei som ikkje er særlig interessert." Det kan jo vere at enkelte tenkte at eg demonstrerte litt... men boka var verkeleg morosam. Så då er det vel lov til å lese også for dei som ikkje er særlig interessert, for dei lo likevel.
Etter ein seanse med Jon Demon tok Jon Blund over og dei andre passasjerane kunne få fred igjen.
lørdag 20. april 2013
Lydbøker
Lese sjølv eller la andre lese?
Er lydbøker lesing?
Noen meiner at lydbøker er lesing, mens andre meiner at det ikkje er det. Sjølvsagt er det nokon som les bøkene, men det at man ikkje les sjølv gjør enkelte meiner at lydbøker ikkje er lesing.
Dei fleste lydbøker har ganske gode stemmer, med god innleving og lyder som forsterkar opplevingane.
For dei som ikkje er så gode lesarar kan det å lytte til lydbøker være den einaste forma for lesing som skjer. Lesargleda i det å lytte og leve seg inn i den verden som teksten skjer i kan vere vel så bra som ved å lese den sjølv. Stemmene, lydeffektar og det å kvile øyene mens "filmen" snurrar inne i hovudet, er for meg god avslapping.
Sjølv elskar eg å lese bøker, både dei eg leser sjølv og dei som blir lest for meg i form av lydbøker. :)
torsdag 10. januar 2013
Eg har fått nettside
Da har eg oppretta nettsida mi. Den er akkurat opprettet, så den er ikkje fullstendig enda
Her er sida mi
Her er sida mi
fredag 7. desember 2012
Rim, regler og song
Mange barn koser seg med
rim, regler og song.
Med ein songstemme som egner seg best til å skremme katter vekk, er det ikkje så ofte eg deler av min stemmeprakt. Då liker eg betre å lese. Vi les kvar kveld på senga. Disneybøker, Ronja Røverdatter, Karius og Baktus, Kardemommeby, rim og regler, eventyr og eg vet ikkje kva. Av og til er ønsket fleire korte rim og regler, andre dagar noen kapitla frå en lengre bok. Likevel hender det at vi tar oss ein barnesong når vi er aleine heime til stor glede for minstegullet på snart 4. Her er "lille kattepus" ein av favorittane.
I den forbinding kommer det en liten søt video frå Youtube som eg fant i Genos adventskalender. Linken er direkte til Youtube. Det er ikkje songen "lille kattepus", men videoen er søt.
Nå blei ikkje dette ein sammenhengene tekst, men meir et tankesprang.
Katter stjeler melk
Med ein songstemme som egner seg best til å skremme katter vekk, er det ikkje så ofte eg deler av min stemmeprakt. Då liker eg betre å lese. Vi les kvar kveld på senga. Disneybøker, Ronja Røverdatter, Karius og Baktus, Kardemommeby, rim og regler, eventyr og eg vet ikkje kva. Av og til er ønsket fleire korte rim og regler, andre dagar noen kapitla frå en lengre bok. Likevel hender det at vi tar oss ein barnesong når vi er aleine heime til stor glede for minstegullet på snart 4. Her er "lille kattepus" ein av favorittane.
I den forbinding kommer det en liten søt video frå Youtube som eg fant i Genos adventskalender. Linken er direkte til Youtube. Det er ikkje songen "lille kattepus", men videoen er søt.
Nå blei ikkje dette ein sammenhengene tekst, men meir et tankesprang.
Katter stjeler melk
Lese høgt
Det å bli lest for som barn, var noko av det eg sette mest pris på. Då eg sjølv ble forelder ville eg vidareføre dette til mine barn, som så mange andre foreldre. Dei koselige, skumle, triste og morosame bøkene der vi etterpå kan snakke om kva som skjedde i historiene.
I photostory, bildefortellinga, som vi laget i forbinding med faget tok eg for meg ein av mine og unganes favoritt bok, Folk og røvarar i Kardemommeby. Dette er ei fantastisk bok som er fin for både vaksne og barn. Karakterane er utprega og forskjellige. Likevel er dei lett å like, ja sjølv den strenge Tante Sofie som alle er litt redde for, viser seg å være snill og omtenksam likevel. Til og med de i byrjinga skitne, litt skumle og uærlige røvarane er snille på botn. Det viser seg at de hadde hatt et vanlege liv med jobb, men livet hadde endra retning for dei og dei hadde blitt nøydd til å røve mat på natta for å overleve. Etter ei stund stoppa dei å ta vare på seg sjølv og ble skitne og uflidde. Ettervart blir de lei av rot og skitt og finner ein løysning på dette. Løysningen er enkel, dei må røve Tante Sofie og la henne rydde og lage mat til dem. Det viser seg at Sofie ikkje er så lettskremt, ja sjølv løva må finne seg i å bli kommandert rundt av henne. Røvarane må sjølv rydde og vaske, ja dei må til sin forskrekking vaske seg sjølv også. Litt etter litt viser det seg til deira store undring at dei liker å ha det ryddig rundt seg og være reine og pene, som det så fint står i boken.
I kvart kapittel er det tema som kan brukas til å ta opp ting som er vanskeleg, som kan gi barn en betre forståing av egne eller andres problema.
Abonner på:
Innlegg (Atom)